onsdag 14. september 2011

1.dag på NTNU - master i skoleledelse, nivå 2

NOKO Å TENKJE PÅ FOR SKOLELEIARAR:
At det er skoleleiars deltaking i lærarane si kompetanseutvikling som har størst effekt på elevane sin læring ( i følge Wivian Robbinson’s metastudie), er eit forskningsresultat ein ikkje kan unngå å ta innover seg. 
Det viser konturen av ansvarsbredda for ein skuleleiar. Kor vidt rektor lykkast som personalleiar, som ein med økonomisk styring og ein drivar av skoleutviklingsarbeid er arbeidsområder som vi veit er avgjerande for elevane sin læring.  At skoleleiar sin deltaking i kompetanseutvikling for tilsette skal ha så mykje å seie, trur eg for mange skoleleiarar er ukjent.
Som ein start på dette studieåret, skal eg ta med meg Wivian Robbinson sitt resultat som eit bilete på kor uhyre viktig, men kompleks ein skoleleiars oppgåver er.
Eg trur dette året kan bli ei spennande reise innanfor skoleleiarfaget, og eg er glad for å ha starta på denne reisa!