onsdag 16. november 2011



Digital kompetanse - så mykje meir enn dei definerte ferdigheitene
            -om bruk av dataspill, og læring og dannelse og sånt...-

I dag har eg vore innom både Cuban, Dons, Frønes og Gee.  Kjenner at eg let meg rive med av nesten alt eg les, når eg les det.  I Dons tanker om dei ulike problemstillingane når det gjeld "skulen sitt danningsprosjekt " ser eg heilt tydelege samanhengar med virkelegheita.  Å bruke nett og data for å hente riktig kunnskap og informasjon, krever spesifikke ferdigheiter.  Dette må lærast i skulen.  For å lære deg sjølv å kjenne, finne ut kva du som elev meiner om all verdas informasjon som poppar opp på skjermen, må du ha gode vaksenrelasjonar, gode veileiarar, gode førebilete og gode sparringsparnerar.  Dette kan og   skolen i stor grad bidra med til alle elevar.  For å skjøne konsekvensane av dei spora du som elev legg att etter deg på nettet, må du bli gjort kjend med omfanget av den digitale verda, og korleis dette igjen kan brukast av alle. Dei vaksne sitt ansvar,  der skolen sjølvsagt er ei viktig rolle.   Å byggje sin eigen identitet og dannelse krev at elevar får rett "coaching" frå tidleg alder. Her har skolen også eit stort ansvar.
"Literacy, multimodalitet og mediekonvergens utgjør viktige dimensjoner ved kompleksiteten i samfunnet" seier Dons, og samanfatter med dette det eg har prøvd å forklare over.   Med dette søker eg å setje ord på korleis skolens oppgåver endrer seg i takt med inføringa av den digitale verda, kan heilt og fullt stille meg bak Dons sitt utsagn om at digital kompetanse omfatter mykje meir enn definerte ferdigheiter.  Halvorsen seier det helt klart i artikkelen IKT og skolen (s.53): "Innføringa av IKT i norsk skole handler derfor om mye mer enn hva som gir mest effektiv læring av matematiske formler og tyske gloser.  Like viktig er det at elevene får den dannelsen som er nødvendig for å utnytte mulighetene og mestre utfordringene i  et samfunn hvor kunnskap er den viktigste produsjonsfaktoren og bruk at informasjons-og kommunikasjonsteknologi endrer både vår livsverden og vår systemverden."  Derfor treng dei som skal leie og undervise i skolane innsikt i kompleksitet og utfordringar som ventar. Halvorsen viser med ein analysemodell, korleis alt heng saman med alt.  Denne skal eg kome attende til  litt seinare.

Når det gjeld Cuban - derimot- kjenner eg at det stritter litt i meg.  Eg følger han riktignok på sett og vis i at tilgangen på og utviklinga av teknologi held fram så lenge det finst pengar, og at snart har kvar og ein av oss ein eigen pc ( dit er vi vel allereie komen?)  På tross av at han erkjenner denne utviklinga, meiner han ikkje at dette vil ha noko impact på undervisninga i skolen.  Det er her det starter å rykke i kroppen min. Eg er overbevist om at endringar i skolen skje for at vi skal klare å følgje med i samfunnsutviklinga.  Det er her det ikkje nytter å setje seg ned å vente til dette nye går over- eller bygge vindskjermar om du vil, som eg synes Cubans holdningar gjenspeiler.

Til slutt i dag vil ei kome med ei søt lita historie fra det virkelege liv, som eg tykkjer gjenspeiler utfordringane -men mest dei uante moglegheitane- som  finnst der ute i "cyberspace".

Det var ei god venninne av meg som dessverre eller endeleg - ettersom korleis du ser det- hadde gitt etter for dataspel-maset.  På trass av at det var sommar og moglegheit til kvalitetstid ute med ungane, hadde eldstemann fått lov til å kjøpe seg "Farmer simulator", eit dataspel som kunne speles både for deg sjølv, men og med andre på nettet.  Målet med heile spelet var å bli ein så god gardbrukar som mogleg, der garden og jorda skulle stelles og skjøttes.  Ja, mor er da utdanna pedagog, og måtte ha noko å seie ved val av spel, sjølv om ho eigentleg mest av alt hadde ønskje om uteaktivitetar som plenklypping og liknande.  Men ute regna det selvfølgeleg, og guten fekk lov til å gå på rommet og spele. 
Mor starta med førebuingar til middag. Medan kniven og vispen gjekk av seg sjølv, gjekk tankane til guten der oppe.  Mon tro fekk han med seg det som verkeleg var viktig i livet?  Fekk han ta del i dei vaksnes gjeremål og det dei sat med  innanfor liv og lære?  Ho likte ikkje å ha valt den "lettvinte" løysinga som ho tykte kjøpet av spel var, og var slik sett berre passeleg fornøgd med seg sjølv.  
Snart kom dei andre ungane heim frå sommarjobb, og det mangla berre mannen.  Da ho høyrde han utpå trappa, ropte ho til datapoden.- Eg kan ikkje kome no, svara han. Værmeldinga seier det skal bli regn frå i kveld og dei neste fire dagane. Eg er eg nødd til å slå graset og presse rundballer før uveret set inn!


"Er det slik at elevene spiller bort tida si, både i heimen og på skolen, eller skjer det verdifull læring gjennom bruken av elektronsike spill?" Dette spørsmålet trur eg vi vaksne ofte har tenkt, utan heilt å ende på noko fast svar.  Den internasjonale forskaren James Paul Gee hevdar at nettopp bruk av dataspill har uant potensiale når det gjeld å utvikle seg og lære fortare og betre.  Han seier det så sterkt som at videospill kan forbetre måten vi tenkjer på.  Håper denne lille data-solskinnshistoria-kan vera eit lite bevis på nettopp det!

 Litteratur:
Kompendium:   Master i skoleledelse, modul 7:  IKT i administrasjon, pedagogikk og utvikling
     Carl F. Dons Digital kompetanse som literacy?  (s.16-22)
     James Paul Gee  Are Video Games Good for Learning? (s.36-50)
     Cuban  Are computers in schools worth the investment? (5-15)
     Kjell Atle Halvorsen IKT og skolen - en skisse til aktivitetsteoretisk analyse (s.52-53)





4 kommentarer:

  1. Artig historie :) Datapoden hadde skjønt både det ene og det andre, syns jeg.

    Er for øvrig veldig enig med deg ang Cuban; jeg satt også med en liten følelse etter å ha lest han at det var litt "sett nedi hælene"-holdning i noe av det han kommuniserte til meg. Selv om han også hadde mye fornuftig å komme med.

    SvarSlett
  2. Du skriver som vanlig godt Kristin, fornøyelig "sann historie fra virkeligheten".
    Jeg leser Cuban litt annerledes enn deg. Med tanke på at artikkelen er skrevet i 2001 og vi ser på hvordan IKT-bruken er i skolen i dag, har han vel langt på vei fått rett, eller? Jeg syns han peker på at hoved ansvaret ligger hos politikerne og deres ansvar for satsing på lærerne. "Without attention to the workplace in which teachers labor and without respect for the expertise they bring to the task, there is little hope that new technologies will have more than a minimal impact on teaching and learning" sier han avslutningsvis.
    Jeg synes nok artikkelen bærer preg av ¨å være skrevet ifht. engelske forhold og at vi her i landet ivaretar de forhold han peker på, bedre.

    Og forresten har du skrevet nynorsk hele tida, eller veksler du?

    SvarSlett
  3. Helt greit at du går løs på Cuban, men som Berit påpeker: artikkelen er litt "historisk". Cuban er forresten amerikaner. VAr i alle fall tilsatt ved Stanford, utenfor San francisco.

    Veldig god historie om dataposen!

    Og så siterer du meg slik: "Innføringa av IKT inorsk skole handler om mye mer enn hva som gir mest effektiv læring av matematiske formler og tyske gloser. Like viktig er det at elevane får den dannelsen som er nødvendig for å utnytte produsjonsfaktoren og bruk at informasjons-og kommunikasjonsteknologi endrer både vår livsverden og vår systemverden."

    Kan du ha snublet litt i formuleringene i sista halvdel? Har ikke boka her akkurat nå slik at jeg får sjekket det.

    SvarSlett
  4. Takk for korreksjonen Kjell Atle. Ikke så greit å holde styr på disse engelsktalene vet du ;-)

    SvarSlett