fredag 25. november 2011

Eg har tidlegare i haust fått spørsmål fra Kjell Atle om hvordan eg følgte opp Robbinsons tese på min skole.  Dette svarte eg på under "kommentar"-feltet, men tenker kanskje det også kan vera relevant å legge på bloggen min:
Da jeg ikke er leder er det vanskelig for meg følge opp Robbinsons tese. MEN jeg har mange tanker om det, og det er ofte mye enklere enn å stå midt i det (mitt privilegium som vanlig lærer). Jeg er under videreutdanning på mitt 3.år, og har nok ofte følt at dette er noe jeg kun driver med for min egen del. Saken er jo at jeg driver stadig aksjonsforskning på våre elever! Mye av disse erfaringene innenfor utprøving av nye metoder og læringsstrategier er forankra i forskning eller empiri. Generelt sett mener jeg derfor at erfaringsutvekslinger og dialoger undervegs med fordel kunne vært gjort til en systematisk greie i f.eks personalmøte der arbeidstakere tar videreutdanning. Flere arbeidsgivere sponser slike utdanningsløp i ulik grad, og kan vel slik sett kreve å få en jamn innsikt i hva utdanningen innebærer? Kompetansespredning til et helt personale er dyrekjøpt og nesten umulig hva kursing angår. Maks to på samme kurs er vanlig praksis på mange skoler. Bedre utnytting av personale som ressurspersoner tror jeg kunne bli en vinn-vinn-situasjon for manges del.

torsdag 24. november 2011


"ALT HENG SAMAN MED ALT"

I forrige innlegg nevne eg avslutningsvis at eg skulle ta for meg virksomhetsmodellen, som viser korleis alt heng saman med alt når det gjeld praksis i skolen og korleis resultatet av dette gjer utslag i eleven sin læring. Figuren eg går ut ifrå står i Skoleledelse - Betingelser for læring og ledelse i skolen, av Andreassen, Irgens og Skaalvik.  Denne tek utgangspunkt imodellen til Engstrøm 2001, og det er den eg har limt inn under.  Den har engelsk tekst, men for dei som har lese boka eg refererte til, fell dei ulike begrepa enkelt på plass.
Modellen tek utgangspunkt i korleis ein systematisk forstår teknologiens plass i skolen.  Dette synes eg er ein beskrivande modell for å skjøne samspelet mellom dei ulike faktorane og korleis dei samla sett avgjer kor vidt IKT-arbeidet i skulen blir vellykka. Når det gjeld implementering av IKT i skolen, tykkjer eg denne trekantmodellen illustrerer på ein god måte samanhengen mellom faktorane reglar, fellesskap, arbeidsdeling og artefakter. Modellen blir av Erstad tala om som ein forenkla modell av tredje gengrasjons aktivitetsteori (Erstad s.35)

Kilde til figur:  http://home.hio.no/~kristihh/skrive/kap4.htm



I krysselden av desse faktorane blir undervisningspraksis til kvar enkelt lærar (subject) forma, som igjen er med og avgjer kva for undervisning/læringsutbytte (outcome) eleven (object) sit att med .

Artefaktar (instruments)
Det er klart avgjerande for ein lærars praksis kva for artefaktar (instruments), eller hjelpemidlar om du vil, han har tilgjengeleg.  Gjennom språk, læraren sin kompetanse,  læremidler, timeplan og korleis klassene er samansatt, blir lærarens undervisningspraksis danna.  Det er her tilgangen til bøker, pc'ar, netttilgang og andre materielle hjelpemidlar ligg.  Dersom ein skole ikkje har tilstrekkeleg tilgang til fysisk utstyr og nett, strandar IKT-arbeidet allereie her. Men, "Pc-er i undervisningsrommene og breiband til skolene fører ikke i seg selv til at elever lærer mer" (Andreassen, Irgens og Skaalvik 2009, s.73).  Dette er eit viktig poeng, som eg har fått føle på kroppen.  "Når skal vi få bruke Smart Board?", fekk eg midt i fleisen frå IKT-sultne sjetteklassingar ein grå haustdag i fjor.  Det traff meg midt i lærar-magen, og eg vart svar skuldig.  Dette gjorde at eg etter skoletid tok fatt i det tekniske vidunderet.  Med litt utprøving og gode råd frå ikt-ansvarleg, kunne eg snart leike meg såpass at eg turde å legge opp til ein time med elevane.  Den tida hadde eg ikkje dagleg tilgang til Smartboard, og brukte vel kanskje dette som ei unnskyldning for å halde meg unna bruken.  Elevane puffa meg igang.  Eg er framleis ingen superbruker, men bruken tilfører både elevane og meg mykje i læringsprosessar.
Det hjelp lite kor stor tilgang det er på IKT-utstyr dersom læraren/ ikkje evner å organisere undervisning og timar til gode læringsarenaer. I tillegg til dette kjem artefakten som seier noko om lærarens sin formal- og realkompetanse innanfor IKT.  Det er her eg trur skoen trykker for mange skular.  Lærarane sin læringspraksis og undervisningspraksis må utvikles.  Mitt mantra er at vi må bli mindre sjølvhøgtidelege, og tørre å prøve og feile saman med elevane.

Reglar (Rules)
Læraren sjølvsagt i sin undervisning ta hensyn til dei gitte rammene innanfor opplæringslov, læreplaner, skolekultur og elles andre planer og reglar som er vedtekne for den enkelte skole eller kommune. Dette inneber alt frå sentrale retningsliner og lovverk, til den enkelte skulen sin kultur når det gjeld kva som er lov og ikkje. Det er leiarens ansvar å sjå til at desse er kjende og ivaretekne. Dagens skoleledere  m å og ta inn over seg Utdannings-og forskningsdepartementets "Program for digital kompetanse" som seier mykje om mengde og tidsplan for implementering av IKT i skolen.  Eg skjøner stadig at det er eit stort ansvar å vera skoleleiar, men det må ikkje gløymast at kvar enkelt lærar og har eit ansvar for å setje seg inn i det som blir framlagt og forventa.

Fellesskap (community)
Fellesskapet, eller skolekoden er og med og legg føringar for utvikling og bruk av IKT i skolen. Kvart lokalsamfunn har sine retningsliner å forhalde seg til, og kvar skole har sin eigen kultur for læring.  Denne er avgjerande for elevanes læringsutbytte.   Erstad (2011) trekker blandt anna fram at det l igg store utfordringar i arbeidet med å endre undervisningspraksis for lærarar og skolar.  "I arbeidet med å få dette til er lærerns og elevenes tradisjonelle oppfatninger av kunnskap og læring kanskje vår største utfordring" seier  Erstad.  Dette trur eg er det næraste ein kan kome sannheita for mange skular.  Vidare spelar foreldre og elevar ei rolle her.  Eg var for 15 år sidan lærar på Ås  utanfor Oslo.  Tettstaden var prega av å ha høgskule, dette gav seg utslag på skulen i form av "kravstore" foreldre med positivt forteikn. Fleire av foreldra i mi gruppe var lærarar på landbruksskolen, eller hadde tilknytning til forskarmiljøet .  Dei var opptatte av ein god skole og godt læringsmiljø for sine ungar.  Dette var før nasjonale prøvers inntog, men eg vil likevel seie at dei var over snittet opptekne av resultater på dei prøvene som da vart gjennomført.  Store forventningar frå foreldre skjerper både lærarar, men også elevar.  Dette er min påstand utifrå mine erfaringar.

Etter å ha sett meg inn  i modellen, ser eg klårare samanhengen- eller kanskje skillene - mellom det som påverkar undervisningspraksisen i skolen.  Det er befriande å bli kjend med figurar som enkelt set ord/namn på noko som er så kompleks, og samtidig så enkelt:  Alt heng saman med alt!
Figuren seier på mange måtar noko om heile pensumet i den modulen vi no har jobba med, og er eit godt verkty for meg, når eg skal setje ord på faktorar som påverkar vår undervisningspraksis i IKT.
Dette blir nok mitt siste blogginnlegg før eksamen (i morgon!!) og eg vil få takke alle for gode og konstruktive attendemeldingar!  Dette har vore ei svært morosam OG lærerik reise, som eg håper kan halde fram inn i dei neste modulane vi skal i gang med.  Lykke til med eksamen i morgon!

Litteratur:

Ola Erstad og Trond Eiliv Hauge (Red.)(2011): Skoleutvikling og digitale
                      medier, kompleksitet, mangfold og ekspansiv læring. Gyldendal akademisk

Andreassen, R. A., Irgens, E. J. & Skaalvik, E. M. (Red.) (2010): Kompetent skoleledelse.
Aktuelle kapitler, spesielt Del 2. Trondheim:Tapir Akademisk Forlag. 

Utdannings-og forskningsdepartementet:  "Program for digital kompetanse 2004-2008"

http://home.hio.no/~kristihh/skrive/kap4.htm

onsdag 16. november 2011



Digital kompetanse - så mykje meir enn dei definerte ferdigheitene
            -om bruk av dataspill, og læring og dannelse og sånt...-

I dag har eg vore innom både Cuban, Dons, Frønes og Gee.  Kjenner at eg let meg rive med av nesten alt eg les, når eg les det.  I Dons tanker om dei ulike problemstillingane når det gjeld "skulen sitt danningsprosjekt " ser eg heilt tydelege samanhengar med virkelegheita.  Å bruke nett og data for å hente riktig kunnskap og informasjon, krever spesifikke ferdigheiter.  Dette må lærast i skulen.  For å lære deg sjølv å kjenne, finne ut kva du som elev meiner om all verdas informasjon som poppar opp på skjermen, må du ha gode vaksenrelasjonar, gode veileiarar, gode førebilete og gode sparringsparnerar.  Dette kan og   skolen i stor grad bidra med til alle elevar.  For å skjøne konsekvensane av dei spora du som elev legg att etter deg på nettet, må du bli gjort kjend med omfanget av den digitale verda, og korleis dette igjen kan brukast av alle. Dei vaksne sitt ansvar,  der skolen sjølvsagt er ei viktig rolle.   Å byggje sin eigen identitet og dannelse krev at elevar får rett "coaching" frå tidleg alder. Her har skolen også eit stort ansvar.
"Literacy, multimodalitet og mediekonvergens utgjør viktige dimensjoner ved kompleksiteten i samfunnet" seier Dons, og samanfatter med dette det eg har prøvd å forklare over.   Med dette søker eg å setje ord på korleis skolens oppgåver endrer seg i takt med inføringa av den digitale verda, kan heilt og fullt stille meg bak Dons sitt utsagn om at digital kompetanse omfatter mykje meir enn definerte ferdigheiter.  Halvorsen seier det helt klart i artikkelen IKT og skolen (s.53): "Innføringa av IKT i norsk skole handler derfor om mye mer enn hva som gir mest effektiv læring av matematiske formler og tyske gloser.  Like viktig er det at elevene får den dannelsen som er nødvendig for å utnytte mulighetene og mestre utfordringene i  et samfunn hvor kunnskap er den viktigste produsjonsfaktoren og bruk at informasjons-og kommunikasjonsteknologi endrer både vår livsverden og vår systemverden."  Derfor treng dei som skal leie og undervise i skolane innsikt i kompleksitet og utfordringar som ventar. Halvorsen viser med ein analysemodell, korleis alt heng saman med alt.  Denne skal eg kome attende til  litt seinare.

Når det gjeld Cuban - derimot- kjenner eg at det stritter litt i meg.  Eg følger han riktignok på sett og vis i at tilgangen på og utviklinga av teknologi held fram så lenge det finst pengar, og at snart har kvar og ein av oss ein eigen pc ( dit er vi vel allereie komen?)  På tross av at han erkjenner denne utviklinga, meiner han ikkje at dette vil ha noko impact på undervisninga i skolen.  Det er her det starter å rykke i kroppen min. Eg er overbevist om at endringar i skolen skje for at vi skal klare å følgje med i samfunnsutviklinga.  Det er her det ikkje nytter å setje seg ned å vente til dette nye går over- eller bygge vindskjermar om du vil, som eg synes Cubans holdningar gjenspeiler.

Til slutt i dag vil ei kome med ei søt lita historie fra det virkelege liv, som eg tykkjer gjenspeiler utfordringane -men mest dei uante moglegheitane- som  finnst der ute i "cyberspace".

Det var ei god venninne av meg som dessverre eller endeleg - ettersom korleis du ser det- hadde gitt etter for dataspel-maset.  På trass av at det var sommar og moglegheit til kvalitetstid ute med ungane, hadde eldstemann fått lov til å kjøpe seg "Farmer simulator", eit dataspel som kunne speles både for deg sjølv, men og med andre på nettet.  Målet med heile spelet var å bli ein så god gardbrukar som mogleg, der garden og jorda skulle stelles og skjøttes.  Ja, mor er da utdanna pedagog, og måtte ha noko å seie ved val av spel, sjølv om ho eigentleg mest av alt hadde ønskje om uteaktivitetar som plenklypping og liknande.  Men ute regna det selvfølgeleg, og guten fekk lov til å gå på rommet og spele. 
Mor starta med førebuingar til middag. Medan kniven og vispen gjekk av seg sjølv, gjekk tankane til guten der oppe.  Mon tro fekk han med seg det som verkeleg var viktig i livet?  Fekk han ta del i dei vaksnes gjeremål og det dei sat med  innanfor liv og lære?  Ho likte ikkje å ha valt den "lettvinte" løysinga som ho tykte kjøpet av spel var, og var slik sett berre passeleg fornøgd med seg sjølv.  
Snart kom dei andre ungane heim frå sommarjobb, og det mangla berre mannen.  Da ho høyrde han utpå trappa, ropte ho til datapoden.- Eg kan ikkje kome no, svara han. Værmeldinga seier det skal bli regn frå i kveld og dei neste fire dagane. Eg er eg nødd til å slå graset og presse rundballer før uveret set inn!


"Er det slik at elevene spiller bort tida si, både i heimen og på skolen, eller skjer det verdifull læring gjennom bruken av elektronsike spill?" Dette spørsmålet trur eg vi vaksne ofte har tenkt, utan heilt å ende på noko fast svar.  Den internasjonale forskaren James Paul Gee hevdar at nettopp bruk av dataspill har uant potensiale når det gjeld å utvikle seg og lære fortare og betre.  Han seier det så sterkt som at videospill kan forbetre måten vi tenkjer på.  Håper denne lille data-solskinnshistoria-kan vera eit lite bevis på nettopp det!

 Litteratur:
Kompendium:   Master i skoleledelse, modul 7:  IKT i administrasjon, pedagogikk og utvikling
     Carl F. Dons Digital kompetanse som literacy?  (s.16-22)
     James Paul Gee  Are Video Games Good for Learning? (s.36-50)
     Cuban  Are computers in schools worth the investment? (5-15)
     Kjell Atle Halvorsen IKT og skolen - en skisse til aktivitetsteoretisk analyse (s.52-53)





mandag 14. november 2011

Robinsons tese

På mitt aller første blogginnlegg fikk jeg respons fra Kjell Atle om hvordan jeg følger opp Robinsons tese ( det er skoleleiars deltaking i lærarane si kompetanseutvikling som  har størst effekt på elevane sin læring )  Tenkte kanskje noen hadde interesse av å lese svaret mitt, og legger det derfor ut her:

Da jeg ikke er leder er det vanskelig for meg følge opp Robinsons tese. MEN jeg har mange tanker om det, og det er ofte mye enklere enn å stå midt i det(mitt privilegium som vanlig lærer) Jeg er under videreutdanning på mitt 3.år, og har nok ofte følt at dette er noe jeg kun driver med for min egen del. Saken er jo at jeg driver stadig aksjonsforskning på egne elever! Mye av disse erfaringene innenfor utprøving av nye metoder og læringsstrategier er forankra i forskning eller empiri. Generelt sett mener jeg derfor at erfaringsutvekslinger og dialoger undervegs med fordel kunne vært gjort til en systematisk greie i f.eks personalmøte der arbeidstakere tar videreutdanning. Flere arbeidsgivere sponser slike utdanningsløp i ulik grad, og kan vel slik sett kreve å få en jamn innsikt i hva utdanningen innebærer? Kompetansespredning til et helt personale er dyrekjøpt og nesten umulig hva kursing angår. Maks to på samme kurs er vanlig praksis på mange skoler. Bedre utnytting av personale som ressurspersoner tror jeg kunne bli en vinn-vinn-situasjon for manges del.



Litteratur
Wivian Robbinson’s metastudie om hva som har størst impact på elevenes læring.



Om skoleledelse; noen tanker om "tvang", ansvar og hersketeknikkeri skolen
Digger innleggene til Berit!  -Lette å lese, gode refleksjoner og så er ho så flink til å dra inn riktig litteratur:) Du kan lese bloggen hennes her.
Enig med deg om dette du nevnte om tvang i kommentaren til Berit, Kjell Atle. Tenker vel at skoleledelse i mange mange år har innebært "for lite tvang".  Å stille krav til implementering av  f.eks nye sentrale retningslinjer vitner jo nettopp om ansvarlig ledelse heller enn tvang! Min erfaring er at mange skoleledere har vært -og er opptatt av "lærerens frihet" og at lærere flest ikke liker å bli bestemt over. Dette tror jeg er en myte som mange skjuler seg bak for "å slippe å lage bråk."  Realiteten tor jeg like ofte kan være lærere som ønsker seg innovative og "kravstore" ledere i forhold til  tips til veiledning og skoleutvikling. I boka "Undervisning i endring" av Hauge, Lund og Vestøl, omtales skolens sterke tradisjon for å "nøytralisere" endringsimpulser (s.54). Ildsjeler som ønsker å ta i bruk nye muligheter på undervisningsfronten har til nå ofte endt opp som utbrent. Mange av oss har nok kjent på dette å bli stoppet/kvelt når man går på nye og utradisjonelle pedagogiske marker. Mange av dagens ledere har fremdeles et enormt arbeid i å erkjenne de institusjonelle begrensningene som har hevdet rett over inovativ praksis i alle tider.  Her har skolens kultur for læring en betydelig rolle for hvordan utviklingen vil gå.
Med de krav og retningslinjer som foreligger dagens rektorer (tenker da spesielt på det faktum IKT er tatt inn som en grunnleggende ferdighet i K06) tror -og håper- jeg den manipulerende retorikk - eller herkseteknikk om du vil, ikke lenger får livets rett.  Paradokset, der igjen, er tidsaspektet ved praksisendring hos mennesker, også ledere. Professor i pedagogikk, Gordon Stobart, sa i et foredrag ang praksisendring at avlæring er tidsmessig fem ganger så krevende som innlæring!
-In a hurry?


Litteratur
Lund,A.,Hauge,TE., Vestøl, JM (2007); Undervisning i endring IKT, aktivitet, design. Oslo  Abstrakt forlag
 

søndag 6. november 2011

"MORGENSTUND HAR GULL I MUNN"
I dag reiste jeg på jobb tidlig for å jobbe med dagens tekst.  Klikka meg innom Dr.Michael Wesch sin videosnutt om sosiale medier (ligger på It's Learning).  At sosiale medier har uante moglegheiter har eg for såvidt vore klar over, men dette var morro å oppleve!  Dr. Wesch prediker om læringsmiljø, og er heilt klar på at dette er framtida, og særleg for skoleverda!  Han hadde laga ei læringsplattform der framsida inneheld både facebookapp, google, wiki, twitter,timeplan for studiet  og videoscreen.  Slik meinte han tilgjengelegheita for elevane gjorde at dei kunne jobbe meir effektivt i studiane sine.  Medan dei var inne og skreiv referat under forelesninga, kunne dei samstundes google dersom dei trengte å slå opp td ord, innom facebook for å sjekke status, twitre med ein medstudent på bakre rad om temaet, legge inn definisjonar og forklaringar henta opp fra wikipedia eller andre sider, og til slutt legge til ein filmsnutt som underbygga  poenga.  Eg må nok berre innsjå at dei under 25 år er vant til eit heilt anna læringsmiljø -for ikkje å nemne læringskultur- enn det eg klarer å konsentrere meg i.  Dr. Wesch uttrykte imidlertid skepsis ang facebookapp'en, men valde å la den ligge så lenge.  Men, med riktig bruk, må vel dette i høgste grad vere "learning by doing" som Dewey så vakkert kom fram til?
For å finne støtte til Dr. Weschs poeng i  pensumlitteraturen vår, meiner eg det er relevant å  hente inn den kjente figuren "Første generasjons aktivitetsteori" fra Erstad og Hauge s.33.  Trekanten inneheld dei tre hjørnene Subjekt: Elever og lærere, Artefakter: IKT-medier og Objekt: Motiv/kunnskaper/kompetanse.  Dette er i følge boka ein grunnpilar i forståinga av aktvitetsteoretisk tenkning.  Den beskriv kva vi oppfatter som ein aktivitet, "det vil si at for å forstå menneskelige handlinger må vi se dem i lys av de kulturelle redskapene de bruker, målet og det konkrete innholdet som kjennetgner situasjonen" (s.33). Knytter man modellen mot digitale teknologier og medier i skolen, ser vi at den handler om korleis elevens læring og utvikling heng saman med dei oppgåvene dei jobber med, og vel så viktig: den reiskapen dei benytter seg av, det vil i denne samanhengen si kva for sosiale, faglige og kulturelle ressureser elevene dreg veklser på i oppgavearbeidet, saman med sine eigen ressursar ( Erstad og Hauge s.34). Nok om det.
Da videosnutten var ferdig, dukka det opp mange ruter med ulike bilder og overskrifter.  Dette var små videosnuttar om kva sosiale medier har gjort med verda, både i skolen, i business og i familieliv.  Her kom det bl.a "Ten reasons to use social medias", "Social medias and education, "social medias and families" , relations", korte lettfatta og til dels humoristiske filmar om temaet.  Tilslutt kom eg inn på funtimetv.com der dei hadde mange illuderande teikningar av betydninga av sosiale medier og kva det har gjort av endringar i samfunnet vårt, både når det gjelder kommunikasjon, språk og levesett.  Festlig! Men nå må eg slå av sosiale medier for å delta i gudsteneste der min kommande konfirmant skal vera med å bistå.  Visse ting må ein berre ut av huset - og ut av web'en-  for å få med seg.  Enn så lenge...?

onsdag 2. november 2011

Tilgang til facebook og internett i skoletida

I går hadde vi "folkevaltopplæring" for det nye kommunestyret.  Ei problemstilling vi skulle drøfte var "skal vi bruke data, internett og facebook i kommunestyremøter?" Dette synes jeg er en svært relevant problemstilling, og dro med en gang paralleller til den samme bruken/tilgangen på skolen.
I boka "Skoleutvikling og digitale medier" av Erstad og Hauge leser vi om de digitale medienes inntog, og hvordan dette påvirker skoleutviklingen.  Jeg mener dette også til en viss grad kan overføres til samfunn og organisasjon generelt.  Boka tar for seg tre grunner til at implementeringen av media i skolen er markant og interessant.
  1. Mediene og teknologiformene er den mest kontroversielle endringen  innenfor skoleutvikling i nyere tid.  Dette kan forklares med at skolen i utgangspunktet inneholder to hovedbåser;  det materielle (bøker, bygninger, datamaskiner) og det imaterielle (mål, normer og reler). Erstad og Hauge s.19 
  2. Digitale medier er  objekter som virker direkte og indirekte inn på læringens form og innhold.  Dette betyr at de gir muligheter til at enkeltindividet henter opp informasjon, kan kommunisere med andre og få tilgang til en brukerstyrt innholdsproduksjon.  
  3. Tilgangen til digitale fører med seg et stort press og et behov for å danne/børste støv av skolens premisser for organisasjon og virksomhet.  behovet for å definere, presisere og regulere melder seg raskt når dette trer inn i skolen.  Utfordringer når det gjelder både ledelse, strukturelle forhold og informasjonsflyt vil raskt melde seg. 
På tross av at dette var en forsamling politikere som ble utfordret, vil jeg spinne videre på hendelsen, da jeg mener den i høyeste grad også kunne vært fra et personalmøte på en skole.
Jeg ser at vi under diskusjonen/drøftingen fort kom inn både på punkt 1og 3, premisser for organisasjon og virksomhet. Noen mente at å sitte å se ned i en pc når andre snakket var like uhøffelig som å lese i avisen under et innlegg fra talerstolen. Jeg mener vi som voksne mennesker må ta ansvar, og bruke Medier som et verktøy for å gjøre en enda bedre jobb. Du har aldri noen garanti for at oppmerksomheten er på topp om nesa er vendt mot møteleder. Dette gjelder i høyeste grad også i klasserommet. Gjennom et kulturhistorisk perspektiv vet vi at de dominerende teknologiformer har i stor grad vært boka og tavla (Erstad og Hauge s.19)   Noen pedagoger ser på medieinntoget som en trussel.  Et resultat av dette kan,  bli at nødløsninger som å forby mobiltelefoner og stenge internettsider og chattekanaler (Andreassen s.  ). Dette kan relateres til mangel på premisser for skolen (punkt 3).  Ledelse og strukturelle forhold er -mer enn noen gang tror jeg- utrolig viktig egenskap/kompetanse hos rektorer i dagens skole.
Som et apropo kan jeg nevne at kommunestyresalen har nettopp vært renovert, og det er lagt tilrette for strømuttak rundt om i salen, heldigvis! Dette viser at administrasjonen har lagt til grunn at IKT er kommet for å bli, og at behovet naturlig nok vil komme- til og med i kommunestyresalen. De praktiske barrierene er slik langt på veg utradert. Det som står igjen er å håndtere de psykologiske barrierene.  De er nok ikke forsert  enda- hverken i de fleste skolestuer eller kommunestyresaler...

PS:  Det alle var enige om, var å unngå facebookbruk under møter.  Dette handler vel så mye om god møtekultur og folkeskikk. Dersom ei klasse hadde fått samme problemstilling, kunne kanskje også de kommet fram til felles regler for bruk av sosiale medier? Dagens virkelighet "krever faktisk at elevene utvikler et etisk fundament til å håndtere cybersamfunnets nye muligheter og utfordringer." (Andreassen  s.72)

Litteratur

ErstErstad og Hauge (red.). (2011). Skoleutvikling og digitale medier - kompleksitet, mangfold og ekspansiv læring (ss.     ). Oslo: Gyldendal akademisk.
Halvorsen, K. A. (2009). IKT i skolen. Ny teknologi - nye lederutfordringer. I E. j. Roy Asle Andreassen, Skoleledelse Betingelser for læring og ledelse i skolen (ss.    ). Trondheim : Tapir akademisk.