torsdag 24. november 2011


"ALT HENG SAMAN MED ALT"

I forrige innlegg nevne eg avslutningsvis at eg skulle ta for meg virksomhetsmodellen, som viser korleis alt heng saman med alt når det gjeld praksis i skolen og korleis resultatet av dette gjer utslag i eleven sin læring. Figuren eg går ut ifrå står i Skoleledelse - Betingelser for læring og ledelse i skolen, av Andreassen, Irgens og Skaalvik.  Denne tek utgangspunkt imodellen til Engstrøm 2001, og det er den eg har limt inn under.  Den har engelsk tekst, men for dei som har lese boka eg refererte til, fell dei ulike begrepa enkelt på plass.
Modellen tek utgangspunkt i korleis ein systematisk forstår teknologiens plass i skolen.  Dette synes eg er ein beskrivande modell for å skjøne samspelet mellom dei ulike faktorane og korleis dei samla sett avgjer kor vidt IKT-arbeidet i skulen blir vellykka. Når det gjeld implementering av IKT i skolen, tykkjer eg denne trekantmodellen illustrerer på ein god måte samanhengen mellom faktorane reglar, fellesskap, arbeidsdeling og artefakter. Modellen blir av Erstad tala om som ein forenkla modell av tredje gengrasjons aktivitetsteori (Erstad s.35)

Kilde til figur:  http://home.hio.no/~kristihh/skrive/kap4.htm



I krysselden av desse faktorane blir undervisningspraksis til kvar enkelt lærar (subject) forma, som igjen er med og avgjer kva for undervisning/læringsutbytte (outcome) eleven (object) sit att med .

Artefaktar (instruments)
Det er klart avgjerande for ein lærars praksis kva for artefaktar (instruments), eller hjelpemidlar om du vil, han har tilgjengeleg.  Gjennom språk, læraren sin kompetanse,  læremidler, timeplan og korleis klassene er samansatt, blir lærarens undervisningspraksis danna.  Det er her tilgangen til bøker, pc'ar, netttilgang og andre materielle hjelpemidlar ligg.  Dersom ein skole ikkje har tilstrekkeleg tilgang til fysisk utstyr og nett, strandar IKT-arbeidet allereie her. Men, "Pc-er i undervisningsrommene og breiband til skolene fører ikke i seg selv til at elever lærer mer" (Andreassen, Irgens og Skaalvik 2009, s.73).  Dette er eit viktig poeng, som eg har fått føle på kroppen.  "Når skal vi få bruke Smart Board?", fekk eg midt i fleisen frå IKT-sultne sjetteklassingar ein grå haustdag i fjor.  Det traff meg midt i lærar-magen, og eg vart svar skuldig.  Dette gjorde at eg etter skoletid tok fatt i det tekniske vidunderet.  Med litt utprøving og gode råd frå ikt-ansvarleg, kunne eg snart leike meg såpass at eg turde å legge opp til ein time med elevane.  Den tida hadde eg ikkje dagleg tilgang til Smartboard, og brukte vel kanskje dette som ei unnskyldning for å halde meg unna bruken.  Elevane puffa meg igang.  Eg er framleis ingen superbruker, men bruken tilfører både elevane og meg mykje i læringsprosessar.
Det hjelp lite kor stor tilgang det er på IKT-utstyr dersom læraren/ ikkje evner å organisere undervisning og timar til gode læringsarenaer. I tillegg til dette kjem artefakten som seier noko om lærarens sin formal- og realkompetanse innanfor IKT.  Det er her eg trur skoen trykker for mange skular.  Lærarane sin læringspraksis og undervisningspraksis må utvikles.  Mitt mantra er at vi må bli mindre sjølvhøgtidelege, og tørre å prøve og feile saman med elevane.

Reglar (Rules)
Læraren sjølvsagt i sin undervisning ta hensyn til dei gitte rammene innanfor opplæringslov, læreplaner, skolekultur og elles andre planer og reglar som er vedtekne for den enkelte skole eller kommune. Dette inneber alt frå sentrale retningsliner og lovverk, til den enkelte skulen sin kultur når det gjeld kva som er lov og ikkje. Det er leiarens ansvar å sjå til at desse er kjende og ivaretekne. Dagens skoleledere  m å og ta inn over seg Utdannings-og forskningsdepartementets "Program for digital kompetanse" som seier mykje om mengde og tidsplan for implementering av IKT i skolen.  Eg skjøner stadig at det er eit stort ansvar å vera skoleleiar, men det må ikkje gløymast at kvar enkelt lærar og har eit ansvar for å setje seg inn i det som blir framlagt og forventa.

Fellesskap (community)
Fellesskapet, eller skolekoden er og med og legg føringar for utvikling og bruk av IKT i skolen. Kvart lokalsamfunn har sine retningsliner å forhalde seg til, og kvar skole har sin eigen kultur for læring.  Denne er avgjerande for elevanes læringsutbytte.   Erstad (2011) trekker blandt anna fram at det l igg store utfordringar i arbeidet med å endre undervisningspraksis for lærarar og skolar.  "I arbeidet med å få dette til er lærerns og elevenes tradisjonelle oppfatninger av kunnskap og læring kanskje vår største utfordring" seier  Erstad.  Dette trur eg er det næraste ein kan kome sannheita for mange skular.  Vidare spelar foreldre og elevar ei rolle her.  Eg var for 15 år sidan lærar på Ås  utanfor Oslo.  Tettstaden var prega av å ha høgskule, dette gav seg utslag på skulen i form av "kravstore" foreldre med positivt forteikn. Fleire av foreldra i mi gruppe var lærarar på landbruksskolen, eller hadde tilknytning til forskarmiljøet .  Dei var opptatte av ein god skole og godt læringsmiljø for sine ungar.  Dette var før nasjonale prøvers inntog, men eg vil likevel seie at dei var over snittet opptekne av resultater på dei prøvene som da vart gjennomført.  Store forventningar frå foreldre skjerper både lærarar, men også elevar.  Dette er min påstand utifrå mine erfaringar.

Etter å ha sett meg inn  i modellen, ser eg klårare samanhengen- eller kanskje skillene - mellom det som påverkar undervisningspraksisen i skolen.  Det er befriande å bli kjend med figurar som enkelt set ord/namn på noko som er så kompleks, og samtidig så enkelt:  Alt heng saman med alt!
Figuren seier på mange måtar noko om heile pensumet i den modulen vi no har jobba med, og er eit godt verkty for meg, når eg skal setje ord på faktorar som påverkar vår undervisningspraksis i IKT.
Dette blir nok mitt siste blogginnlegg før eksamen (i morgon!!) og eg vil få takke alle for gode og konstruktive attendemeldingar!  Dette har vore ei svært morosam OG lærerik reise, som eg håper kan halde fram inn i dei neste modulane vi skal i gang med.  Lykke til med eksamen i morgon!

Litteratur:

Ola Erstad og Trond Eiliv Hauge (Red.)(2011): Skoleutvikling og digitale
                      medier, kompleksitet, mangfold og ekspansiv læring. Gyldendal akademisk

Andreassen, R. A., Irgens, E. J. & Skaalvik, E. M. (Red.) (2010): Kompetent skoleledelse.
Aktuelle kapitler, spesielt Del 2. Trondheim:Tapir Akademisk Forlag. 

Utdannings-og forskningsdepartementet:  "Program for digital kompetanse 2004-2008"

http://home.hio.no/~kristihh/skrive/kap4.htm

2 kommentarer:

  1. Du kom sterkt mot slutten, med mange gode blogger Kristin. Og hvilken avslutning, denne teksten var skikkelig bra. Du forklarer den aktivitetsteoretiske modellen på en fortreffelig måte, synes eksemplene dine fra skolehverdagen gjør det ekstra interessant.

    Siste nummer av tidsskriftet Bedre Skole dumpa ned i postkassa mi i går, der fant jeg artikkelen "Hva skal vi med IKT i skolen?" av Andreas Lund. Han skriver om forskjellen på verktøy og artefakt, interessant lesing. Artikkelen oppsummerer slik jeg ser det modul 7, anbefales.

    Jeg tenker at vi gjennom blogginga vår kanskje har blitt litt mindre selvhøgtidlige og turt å prøve og feile i tråd med ditt mantra.

    God helg etterhvert !

    SvarSlett
  2. Flott at du gjør den aktivitetsteoretiske modellen til "din egen" på denne måten, Kristin! Slutter meg til Berits kommentar. Og takker for bloggefølget så langt.

    SvarSlett